Eg bur i Thailand og har ein pensjon under 200 000 som eg skal betale 15 % i kildeskatt på frå årsskiftet. Eg las at alle i inntektsområde frå ca. 700 000 og oppover har fått kraftig skattelette dei siste 4 åra, og då undersøkte eg om dei som handsamar mi sak (namna finn eg hos Emigrant1 og Seniorsaken) er i denne gruppa. Svaret er: ALLE, Kristin, 930 000,eksp.sjefen i Fin.dept. 949 000), eksp.sjef Skattedir. 711 000, underdir. i Skattedir. 755 000. Eg undrar meg på kvifor lovrådgivaren i Fin.dept. (som har eit utanlands namn) berre tener 293 000. Det er jo hans namn som figurerer i det offentlege rom heile tida. Sjefane er såleis ganske lure. Dei skyv han foran seg for å skjule at dei er i gruppa som Kristin & Co har gitt store skattelette siste 4 åra. Eg som vart tvungen til å selge huset mitt i Noreg for å få utflytting frå fattigtilværa - skal no takast på nytt ved at eg må flytja tilbake til Noreg difor eg ikkje lenger kan bu og leve normalt i Thailand kor eg har ansvar for 2 ungar og har gifta meg. Vi har berre vore gift i eitt år, og difor må eg vel skilja meg no, reise heim og gå på sosialen kvar månad for butilbod (kor skal eg bu no som eg har selt huset - i 2005) ? Pengane har eg brukt til å byggja hus til meg og familien i Nordaust Thailand. Kildeskatta på mi pensjon kjem til å bringe meg i ein umogleg økonomisk situasjon. Eg har rett og slett ikkje nok til å betale rekningane frå og med årsskiftet. Eg er bitter når eg les at dei som er sett til å forvalte lov og orden har fiksa til seg sjølv, mens eg vert forfølgd fordi eg no klarer meg sjølv i Thailand. No skal eg tilbake å tråkkast på igjen av folk som har eitt å gjere; ha det moro på jobben (med oss som dei kan herske over). Bruk stemmeretten i solidaritet med oss fattige - og få fjerne makkverket som no regjerar landet! |